Nei takk til molo

Frå møtet i Hareid kommunestyre torsdag 18. juni.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Hareid kommune vil ikkje ta over eigarskapet til Kystverket sin molo i Hjørungavåg.

Det avgjorde eit samrøystes kommunestyre torsdag sist veke.

Også i nærings- og miljøutvalet og i formannskapet var politikarane samstende om ikkje å ta over moloen.

Også tidlegare har fått tilbod om å overta moloen, men då for 500.000 kroner. Etter dette har Kystverket kome fram til at moloen ikkje har reell verdi på den opne marknaden og at kommunen difor kan ta over moloen utan vederlag.