B-ferja var innstilt

  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Nyhende

B-ferja, MF Giskøy, mellom Hareid og Sulesund var ute av drift eit par timar torsdag morgon.

  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Like før klokka 09.30 var ferja tilbake i sambandet.

Operatativ leiar i Fjord1, Terje Seljestokken, forklarer at ferja fekk problem då den skulle ladast på Hareid.

Sist torsdag vart alle dei tre ferjene i sambandet elektrifiserte, og skal då ladast når dei ligg ved kai.

Torsdag morgon klarte ikkje MF Giskøy å kople seg frå ladetårnet, forklarer Seljestokken.

- Vi er i ein innkøyringsfase, og det viste seg at det var problem med noko programvare i ladetårnet. Vi måtte sende opp ein person med rett kompetanse som kunne kople frå denne ladepluggen manuelt, seier han.