Fekk besøk av medelev

Håkon Thormodsæter frå Ulsteinvik skriv namnet sitt på bilen til Gjermund Eide Bratberg.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Vi vart veldig gode venar på folkehøgskulen, fortel Håkon Thormodsæter. Tjueåringen frå Ulsteinvik har teke ei lita pause frå jobben på Rema 1000 i Ulsteinvik. Han har kome ut for å snakke med Gjermund Eide Bratberg, som har parkert sin fargerike Mercedes Vito, 99-modell, utanfor butikken. Thormodsæter skal skrive namnet sitt på panseret på bilen.