Kvifor permitterte ikkje kommunen tilsette?

permisjon: Stian Lehmann Scheide (Høgre) stilte spørsmål. 

Nyhende

Stian Lehmann Scheide (H) takka kriseleiinga for godt arbeid, men hadde eit spørsmål han ville ha svar på. Han syntest det var vanskeleg å svare mannen i gata på kvifor Ulstein kommune ikkje sparte pengar ved å permittere tilsette under koronaen. Mange bedrifter har vore nøydde til å permittere tilsette denne tida. – Er det lovverket som blokkerer ei slik avgjerd, og har det vore opp til diskusjon og vurdering i kriseleiinga, spurte han på kommunestyremøtet førre veke.