– Kjempekjekt at folk kosar seg i Brandal, men demp musikken på natta

Badestranda i Brandal sentrum har blitt ekstra populær no etter den nye kaia stod ferdig. Brandal Vel synest det er veldig triveleg at folk kosar seg, men minner om at det etter kl. 23.00 bør vere nattero.

Populært: Stranda i Brandal sentrum har lenge vore populær. Ekstra mange gjester utanfrå har kome til etter der kom ny kai, Brandølingane likar god stemning, men ber om nattero.   Foto: Annika Brandal

Nyhende

Det kjem folk frå både Brandal og nærliggjande plassar for å bade og ha det kjekt i lag, og det er akkurat slik dei ønskjer det. I sommar har det vore mykje fint ver, og folk har kosa seg i lag i området. Men det er til tider så mykje støy frå musikk og slamring med bildører at det har gått utover søvnen til innbyggjarane i Brandal. Det er ikkje berre dei næraste naboane som er plaga.