Framtidsvyar for Ulsteinvik

Arkitektane meinte det er for mange p-plassar

Arkitektkontora som har sett på korleis Ulsteinvik kan sjå ut i framtida syntest parkeringsplassane er for dominerande i bybiletet. Dei vil heller leggje til rette for gåande og syklande. Og kanskje huseigarar i sentrum kan leige bort parkeringsplassen sin med ein app?

framtids-Ulsteinvik: To arkitektgrupper har sett på kva som kan gjerast for å utvikle Ulsteinvik, Ulshaugen og Holsekerdalen. Rundt seksti innbyggjarar møtte opp på folkemøtet på Sjøborg måndagskvelden, omtrent like mange følgde møtet på nettet. Alle foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Ulstein kommune har engasjert to arkitektgrupper til å lage forslag til korleis sentrum, Ulshaugen og Holsekerdalen kan utviklast vidare. Arkitektar frå Kaleidoscope Nordic AS og Nordic Office of Architecture var på synfaringa i Ulsteinvik i verste sluddbyene i mai. Som dei sa på folkemøtet då dei presenterte skissene sine hadde dei fått med seg fire årstider på nokre timar. Kanskje det var medverkande til at dei ville ha fleire tak å søkje ly under?