Næringsfonda får støtte frå krisepakke

Nyhende

I Regjeringa sin tredje krisepakke sette dei av pengar til dei kommunale næringsfonda. Møre og Romsdal fekk 42,1 millionar, som fylkesutvalet fordelte tidlegare denne veka. Denne potten er den største tildelinga som er gjort til kommunale næringsfond nokon gong.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skriv at tildelinga av kommunale næringsfond skal gå uavkorta til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløysa på grunn av koronasituasjonen. Pengane skal leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar, og det kan til dømes gjevast støtte til marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes at Ulstein kommune får 2 005 594 kroner og Hareid kommune 1 870 644 kroner.

Kor mykje kvar kommune skulle få vart rekna ut ved at kvar kommune fekk eit grunnbeløp på 810 000 kr, ein del vart rekna ut etter innbyggjartal og ein del etter kor høg arbeidsløysa i kommunen er.