NTNU-førsteamanuensis: - Det er ikkje meir hoggorm i år

Sjølv om det kanskje kan verke som om det har vore meir hoggorm i fjellet i år, er det faktisk ikkje tilfelle. Koronapandemien kan ha gitt folk eit inntrykk som ikkje heilt stemmer med realiteten.

Det er ikkje fleire av desse krabatane i år, meiner NTNU-førsteamanuensis Dag Dolmen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Dag Dolmen, førsteamanuensis ved institutt for naturhistorie ved NTNU, fortel at folk flest truleg har høyrt mange myter om hoggormen som ikkje er sanne.