Gjekk ut frå Ulstein vidaregåande skule med toppkarakter i alle fag:

Naglius fekk 20 av 20 moglege seksarar

Brandølingen Naglius Kirvaitis Brandal er den første i Ulstein vidaregåande skule si historie som har klart kunststykket. Også nobelprisvinnar Edvard Moser frå Hareid må sjå seg slått.

Feriemodus: Lokalavisa møtte Naglius Kirvaitis Brandal i heimbygda Brandal fredag - der han nyt første veka av sommerferien sin. Han gjekk ut frå Ulstein vidaregåande skule med 20 av 20 moglege seksarar på vitnemålet - som den første i historia til skulen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Vikebladet Vestposten møtte Naglius heime i Brandal fredag, og det var ein sindig og audmjuk kar som møtte lokalavisa.