Svensk brevdue landa i Ringstaddalen

Nyhende

For ei veke sidan landa det ei due i Ringstaddalen. Duer er ikkje eit kvardagsleg syn i Ringstaddalen, så Kristin Moldskred Myrene sjekka opp i dette.

Det viste seg å vere ei racing due som var slept i Sverige fredagen før, for at ho skulle fly heim til Sandnes. Men ho må ha flydd feil ein stad, for ho landa i Ringstaddalen i Haddal. Etter litt om og men vart dua fanga.

Myrene fekk hjelp av ein tanteunge til å putta dua i eit stort hundebur og sette henne i fjøset. Der har dua blitt fora på villfuglblanding. Det vil seie solsikkekjerner, heil kveite, heil bygg og grøne tørka erter.

  Foto: Kristin Myrene

Myrene fekk kontakt med eigaren av dua via Brevduesport i Norge på Facebook. Eigaren bur i Sandnes. I dag reiste ho til Ålesund og fekk overlevert dua til ein mann i Ålesund-området som driv med duer. Den opphavlege eigaren i Sandnes fann ut at det beste for dua no er å få lese som sunnmøring og bidra til å det blir fleire brevduer på Sunnmøre.

Brevdua har vore i gode hender i Ringstaddalen.   Foto: Kristin Myrene