Har fått frist til 1. august med å rydde opp

  Foto: Ragnhild Nedrelid

Nyhende

Tidlegare i juni stilte Ragnhild Nedrelid (Arbeidarpartiet) spørsmål om kva ansvar kommunen har for å sjå til at bedrifter rettar seg etter pålegg frå fylkesmannen om å rydde opp. Ho viste til ein eigedom i Hjørungavåg der ein bygning står til forfall, og det er massiv forsøpling i og utanfor. Ho visste at born og ungdom har opphalde seg på tomta, og frykta dei kunne bli påført skade.