Ny jobb for Hammer

Anders Norvald Hammer er ny kommunedirektør i Sande.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Anders Norvald Hammer er tilsett som ny kommunedirektør i Sande kommune. Det skriv kommunen på sine nettsider. Hammer vart presentert for Sande kommunestyre under eit møte tysdag.

Hammer kjem frå stillinga som leiar for NAV i Hareid, Ulstein og Sande. Hammer har vore leiar for NAV sidan hausten 2017.

Hammer var ein av fem som bad om at namnet ikkje skulle offentleggjerast då søkjarlista på stillinga vart lagt fram. Den no avtroppande NAV-leiaren vil ta til i stillinga i Sande til hausten.