Ein leiken artist som boltra seg i den vakre solnedgangen

Nyhende

Svein Eiksund har sendt oss denne videoen han tok på Flø seint laurdagskvelden.

Han har også sendt med denne teksten:

"SPESIELL NATUROPPLEVING UTANFOR MOLOEN PÅ FLØ

Ein leiken artist som boltra seg i den vakre solnedgangen.

Medan eg sveipa med mobilkarmeraet over den vakre kveldshimmelen frå Runde mot Godøya, sjølvsagt via Grasøyane, dukka det plutseleg opp ein sjeldan "artist" på scena. Med litt utstø hand klarte eg å fokusere og zome inn mot det som kunne likne på ein kobbe. Men det var ein heilt annan artist denne gongen. Usikker på kva og kven. Ein oter? I alle fall leika den seg i den nydelege, solvarme kvelden. Han også. Tankane sveipa mot salige Ivar Aasen som sa noko om at: "der leika det fisk ned i kavet, og den leiken ville han sjå"... Men dette var ikkje fisk. Det var heller ikkje eit sjøuhyre, men truleg ein oter? Det var for stort til å vere ein mink. I alle fall var det ein superartist i sjøen, ein som også kosa seg i tropenatta, slik mange gjorde denne seine kvelden langs strendene mot Flø.

Foto Svein Eiksund"

  Foto: Svein Eiksund

  Foto: Svein Eiksund