Fekk svar på 31 testar i Ulstein

Nyhende

I Ulstein kommune vart det gjennomført 31 testar for Covid-19 i perioden 22. juni til 30. juni.

Michael Dahl informerer om at alle testane er negative, og dermed ikkje viser teikn på smitte. Det har ikkje blitt påvist smitte i Ulstein sidan 1. april.

Onsdag vart det klart at det er registrert eitt nytt smittetilfelle i Ørsta. Møre-Nytt skriv at dette er første tilfellet som er registrert der sidan 25. mai og at det truleg stammar frå eit større utbrot i ein annan del av landet. Ørsta kommune reknar med at også ein annan person i same husstand er smitta. På Ørsta kommune sine nettsider skriv ein at begge har vore innom fleire butikkar i Ørsta og Volda før dei fekk symptom og minner om at folk bør halde avstand både i butikkar og andre offentlege areal.