Konkurs ved Kleven Verft

Nyhende

Fredag føremiddag var dei tilsette ved Kleven Verft kalla inn til eit allmøte for å få informasjon om den kritiske situasjonen ved verftet.

Etter dei opplysningane som har kome ut frå møtet går det fram at Kleven Verft er konkurs og at ein dermed ikkje har kome fram til ei løysing mellom DIV Group og lånegjevarane.

Dette blir også stadfesta i ei pressemelding.

Styret i Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology vil fredag sende melding om konkurs for alle tre selskapa. Det går fram av pressemeldinga frå DIV Group.

– Ambisjonen vår var å utvikle Kleven og å etablere vårt selskap i Norge, og det er difor svært uheldig at vi ikkje klarte å få på plass ei løysing for denne vanskelege situasjonen. Vi har jobba hardt for å finne ei løysing, og saman med dei tilsette gjorde vi vårt beste, men vi har ikkje lukkast. Vi ønskjer ikkje å gå vidare inn på bakgrunnen for dette, seier Tomislav Debeljak i pressemeldinga.

I pressemeldinga går det også fram at dei tilsette vil halde fram i arbeidet og at dei vil utføre sine oppgåver som normalt. Dei tilsette skal vere dekka av lønsgaranti.

- No vil vi jobbe tett med bustyraren for å sjå om dei manglande betalingane som nokre arbeidarar har opplevd kan bli utbetalt raskare, legg Debeljak til.