Opna ny parkeringsgarasje

Fredag vart den nye parkeringsgarasjen i Bjørndalvegen Park opna.  

Nyhende

Dersom du har slite med å finne deg parkeringsplass i Ulsteinvik sentrum, vart det fredag hakket enklare å finne ein ledig plass å sette frå seg bilen.

Då vart den nye parkeringsgarasjen i Bjørndalvegen Park opna for publikum.

Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for drift og anlegg i teknisk etat, fortel at anlegget vil vere ope frå 8 til 21 på kvardagane og 11 til 18 i helgane. Garasjen har inn og utkøyring frå Bjørndalvegen.

Ifølgje Odd Kåre Wiik er det etablert heile 95 vanlege parkeringsplassar i parkeringsgarasjen, i tillegg til seks plassar tilrettelagt for funksjonshemma.