Fleire merknadar til industriområde på Risneset

Fleire reagerer på planane om detaljregulering for industri på Risneset. Ønskjer folkemøte og utvida høyringsfrist.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å transformere området frå masseuttak til industriområde.  

Nyhende

3. juni sende Hareid kommune ut detaljreguleringa for Risneset i Hjørungavåg ut på høyring og offentleg ettersyn. Fristen for å kome med innspel eller høyringssvar er sett til 17. juli. Hareid kommune skriv i varselet om høyring og offentleg ettersyn at føremålet med planarbeidet er å legge til rette for å trinnvis transformere området frå masseuttak til industriområde.