Røykutvikling frå støvsugar

Nyhende

Brannvesenet rykte tysdag ettermiddag ut til Ulshaugen i Ulsteinvik etter ein automatisk brannalarm. Framme på staden viste det seg at alarmen gjekk etter røykutvikling frå ein støvsugar.

Ifølgje 110-sentralen vart støvsugaren fjerna frå leilegheita og brannvesenet har kontroll.