Stortingsrepresentant Vetle Wang Soleim vitja Ulstein

Tek med seg uroa for verfta si framtid tilbake til Stortinget

Rundtur: Varaordførar Stian Lehmann Scheide (H) hadde med seg partikollega Vetle Wang Soleim frå Mørebenken på ein rundtur i Ulstein for å gi han eit innblikk i stoda i den maritime næringa. INnspela vil stortingsrepresentanten ta med seg tilbake til hovudstaden. Til hausten kjem ei stortingsmelding om den maritime næringa. 

Nyhende

– Eg er djupt uroa over framtida til norske verft, seier stortingsrepresentant Vetle Wang Soleim frå Møre og Romsdal Høgre. Tysdag var han på rundreise i Ulstein for å skaffe seg eit overblikk over utfordringane verftsnæringa no står oppe i.