Konfliktrådet: Stor nedgang i talet på saker under korona-krisa, med eitt unntak

Medan det samla talet på meklingssaker har gått ned hos Konfliktrådet i Møre og Romsdal, har det vore ein auke i talet på saker som omhandlar vald i nære relasjonar.  Foto: Konfliktrådet

Kjartan Skotte er leiar for Konfliktrådet i Møre og Romsdal  Foto: Konfliktrådet

Nyhende

Saksmengda hos Konfliktrådet Møre og Romsdal har gått kraftig ned i 2020, samanlikna med same periode i fjor. Men på eitt område har det vore ein auke, nemleg når det gjeld vald i nære relasjonar.

– Hittil i år har det blitt tilvist 13 saker med vald i nære relasjonar. Til samanlikning vart det tilvist 10 saker med vald i nære relasjonar i heile 2019, seier leiaren for Konfliktrådet i Møre og Romsdal, Kjartan Skotte, i ei pressemelding frå .

Her fortel Konfliktrådet Møre og Romsdal at dei har teke imot 145 saker første halvår 2020, mot 231 saker på same tid i fjor.

– Det har vore nedgang i alle sakstypar, men saker med vald i nære relasjonar skil seg ut med ei auke. Covid-19-pandemien har resultert i mindre kriminalitet og færre meldingar til politiet, og dette er ei årsak til lågare sakstal hjå Konfliktrådet hittil i år, fortel Skotte.

29 prosent av forholda omhandlar vald og vald i nære relasjonar, medan økonomiske konfliktar utgjer 13 prosent, skadeverk 11 prosent, nabokonfliktar 6 prosent og tjuveri 6 prosent. Elles fordeler sakstypane seg på truslar, familietvistar, narkotikalovbrot og seksuallovbrot.

Konfliktrådet Møre og Romsdal har 27 meklarar som er klare til å legge til rette for meklingar og tilrettelagde samtalar mellom to eller fleire som ønsker det. Konfliktrådet tar imot både straffesaker frå påtalemakta og sivile saker der publikum sjølv tar kontakt. Sjølv om det har vore ein nedgang i sakstalet hittil i år, vert det i desse tider søkt etter fleire meklarar i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

All meklingsaktivitet i Konfliktrådet vart stoppa ein periode i samband med i samband med Covid-19-utbrotet. Etter å ha drive mekling via skjerm eller telefon, vart det frå 22. april gradvis opna for at sakene igjen kunne verte mekla fysisk, då tilrettelagt med omsyn til smittevern, melder Konfliktrådet i Møre og Romsdal.