Panteknapp for Knappen og Hødd

Jonny Mork (kjøpmann for Rema 1000) og André Aurvåg Gardshol (Hødd IL) poserer framfor panteautomaten der ein no kan velje å donere pengane til Hødd IL. Alle foto: Erik K. Heimdal 

Nyhende

– Eg var på eit møte i Ålesund for fem-seks veker sidan, og i ein diskusjon med ein kollega hamna vi innom den nye moglegheita til å velje donorar sjølv når ein pantar – og eg tenkte på Hødd med ein gong. I det same møtet sende eg melding til Per Arve (Moldskred, dagleg leiar Hødd IL) som naturlegvis var gira, og no er moglegheita på plass, fortel Jonny Mork, kjøpmann for Rema 1000 Ulsteinvik.