Sjøsette flytekai til Ålesund hamn

Foto: Trond Sellereite/Ulstein Betong Marine AS 

Nyhende

Måndag denne veka sjøsette Ulstein Betong Marine AS ei ny flytekai som skal brukast ved Ålesund hamn. Bygg UF 149 vart sjøsett frå nyedokka ved Ulstein Betong Marine i Haddal.

I ei pressemelding frå verksemda går det fram at dei har levert snart 50 ulike objekt innanfor kategoriane kaier og flytemoloar. Desse produkta blir leverte gjennom Marina Solutions AS, som Ulstein Betong Marine samarbeider med.

Selskapet viser til at deira produkt mellom anna er å finne ved Munkholmen i Trondheim, ved Aker Brygge i Oslo og på Fornebu. Ulstein Betong Marine har også levert til hurtigbåtkaia i Ålesund og turistkai i Geiranger.

"Flytemoloar produsert på Haddal finn du blant anna i Harstad, Bodø og på Molde. Den siste store leveransen av slike, gjekk til Øygarden Kommune", skriv dei i pressemeldinga.

Foto: Trond Sellereite/Ulstein Betong Marine AS 

Den nye flytekaia som skal til Ålesund er det tredje bygget som vart sjøsett frå den nye dokka ved Ulstein Betongindustri. Denne er tilpassa produksjon av kaier og flytemoloar. Ulstein Betong Marine skriv at det grunna stor etterspurnad etter flytande betongkonstruksjonar har ein hatt knapp dokk-kapasitet i Haddal over lengre tid, men no er målet å ha jamn produksjon i begge dokkene.

UF 149 er 5x50 meter og tre meter høg, men det er berre 80 centimeter som stikk over vasslinja. Den blir tatt i bruk allereie onsdag 8. juli.