Lokalartist Sæmund Helde med fleire musikalske tilstellingar på Herøy Gard i sommar:

– Vil lære folk å skrive songar

Gjennom eit tredagarskurs håpar Sæmund Helde og Herøy Mållag å kunne inspirere låtskrivarspirar til å skrive eigen musikk på morsmålet. Å inspirere er også noko Helde håper på i det han inviterer til sunnmørsk visekveld.

Sæmund Helde: Lokalmusikaren blir å sjå på Herøy Gard ved fleire høve dei neste vekene. Han skal både arrangere konsert og låtskrivarkurs. Sistnemnde skjer i samarbeid med Herøy Mållag.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik/Vestlandsnytt.

Nyhende

(Vestlandsnytt): Begge dei to tilstellingane skjer i sommar på Herøy Gard.

Gratis-konsert

Det fyrste arrangementet er gratis og er ein sunnmørske visekveld. Konserten står allereie på programmet komande torsdag, 16. juli.

– Då blir det konsert på kystmuseet der sunnmørsjekta, «Anna Olava», vert scene, forklarar den unge herr Helde, som saman med den frivillige arbeidsgruppa bak restaureringa av museumsjekta inviterer til konsert.

Her blir det visesong og sommarleg konsertstemning, for små og store. På jekte-scena står Sæmund åleine, i kjend stil med sin gitar, og vil servere låtar frå sitt sjølvskrivne repertoar.

– Dei som har høyrt meg spele før vil nok kunne vere i stand til å tralle med på fleire av melodiane. Eg vil elles by på ei og anna ny vise også, lovar Helde, som elles er takksam over støtte frå Herøy kommune til prosjektet.

Inviterer til låtskrivarkurs

Sæmund held fram med å forklare at sommarkonserten på mange måtar er meint som eit lite oppspel til noko som skjer den etterfølgjande veka, den 21.–23. juli.

I samarbeid med Herøy Mållag, inviterer då Helde til eit eige låtskrivarkurs på den gamle handelsstaden. Kurset er meint for folk i alderen 13 og oppover.

– Opphavleg var målgruppa tenkt å vere ungdom og unge vaksne, men vi er ikkje farlege på det. Her er du like velkomen om du er 94 år, seier Sæmund.

Kurset vil ifølgje Helde omhandle spesielt det å skrive songtekstar på eige morsmål.

– Eg vil kort å godt forsøke å lære vekk ulike framgangsmåtar til å skrive eigne songar, forklarar han, og legg til att ein ikkje vil trenge å ha forkunnskapar om musikk for å delta på kurset.

– Ein må ikkje spele instrument for å skrive ein song nødvendigvis. Det er noko av det eg håper å kunne vise på kurset, held Helde fram.

Sjølv har han fleire tilnærmingar til korleis han skriv låtar.

– Av og til startar eg med tekst og deretter melodi, andre gongar er det omvendt. I mange tilfelle går dei to litt hand i hand – ting blir til samstundes. Det viktigaste er at vi prøver fleire metodar, noko det her blir rom for, seier Helde.

Ved kursets slutt er målet at deltakarar skal ha fått eit lite innblikk i korleis skrive eigne songtekstar. Nokon vil kanskje også ha produsert den neste «sommar-hiten»?

Helde håper at folk vil nytte seg av høvet til å delta og fortel at kurset skal gå føre på ein smittevernvennleg måte. Han ber folk ta kontakt om ein er nysgjerrig på og ynskjer å vere med på låtskrivarkurset. Han oppmodar her om å vere rask då det er avgrensa med plassar på kurset.


Denne saka blei først publisert av Vestlandsnytt.