– Eg håper eg får halde fram her, det er ein god arbeidsplass

Alle dei tilsette på Kleven fekk beskjed om å melde seg hos NAV. No går dei ei usikker tid i møte.

Alf Johan Antonsen har jobba om logistikk-koordinator på Kleven verft sidan 2008. Her er han på kaia.  Foto: Linda Eikrem

Arbeidarane byrja å lure då det minka med arbeid og det ikkje vart permitteringar

Nyhende

– Det er spesielt, ja, eg må vedgå det, seier Alf Johan Antonsen. 48-åringen frå Dimna har jobba som logistikk-koordinator på Kleven verft sidan januar 2008. Dei siste fem åra har han også vore tilsetterepresentant i styret.