Bareboat-kontrakt for Havila

Dette skipet, "Havila Harmony", har fått ny kontrakt.  Foto: Havila

Nyhende

Havila Shipping informerer fredag om at selskapet har inngått ei tre års bareboat-kontrakt med Ocean Pact Netherlands B.V om skipet "Havila Harmony". At det er ei bareboat-kontrakt betyr at kontrakten berre gjeld sjølve skipet, ikkje mannskap eller noko anna.

Kontrakten inneheld ei mogleg forlenging på eitt år og skal operere i Brasil. Oppstart for skipet er forventa å vere i løpet av det fjerde kvartalet i 2020. Før den tid skal "Havila Harmony" bli tilpassast tekniske krav og få gjennomført vedlikehald.