Kommunale næringsfond får støtte

Nyhende

På grunn av den auka arbeidsløysa og reduserte økonomiske aktiviteten utbrotet av koronaviruset har ført til, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemt seg for å tildele ei krisepakke der pengane er øyremerka til kommunale næringsfond.

Fylket Møre og Romsdal får tildelt 42,1 millionar til saman. Ulstein kommune får tildelt omtrent 2 millionar kroner (2 005 594) og Hareid kommune får tildelt i underkant av 1,9 millionar kroner (1 870 644).

Målgruppa til desse midlane er små- og mellomstore bedrifter eller andre næringsaktørar som legg til rette for vidare næringsutvikling, opplyser Ulstein kommune om.