- Dette kan vi anbefale til andre

Solveig og Lauritz Vågnes var blant dei om lag 20 passasjerane som søndag i strålande vêr var med MS «Bruvik» frå Langevåg/Ålesund til omvising og middag ved Ishavsmuseet i Brandal. – Dette kan vi absolutt anbefale til andre, slår dei fast.

Dei første gruppeturistane etter korona: Passasjerane om bord i MS «Bruvik» var den første større gruppa som vitja Ishavsmuseet etter korona-utbrotet. Her går passasjerane frå Langevåg og Ålesund i land ved Karlsen-kaia i Brandal. Alle foto: Anne Gry Eilertsen 

Nyhende

Ishavsmuseet Aarvak har ikkje akkurat vore nedrent av turistar denne sesongen. Då museet måtte stenge på grunn av korona-epidemien 12. mars, miste dei 12-13 bussar, lasta med turistar, og like mange selskap. 17. mai opna dei opp att, men med restriksjonar som har begrensa talet på gjester.