– Ei fantastisk moglegheit

Mathias Hareide (t.v.) og Benjamin Bergseth bur i lag på Hamar og lukkast med å bli ein del av Hamar Game Collective sitt talentutviklingsprogram GameLab Hamar.   Foto: Privat

Nyhende

Dei to karane frå Ulstein og Hareid, Benjamin Bergseth (22) og Mathias Hareide (23), gjekk til topps i Hamar Game Collective sitt talentutviklingsprogram GameLab Hamar. Det er eit to år langt program som skal gjere at dei får ein god grunnmur til å utvikle spel, og skal hjelpe "Frog Quota", dei to karane sitt spelstudio, både økonomisk og kunnskapsmessig. Det blir investert heile 3,5 millionar kroner over dei to åra inn i dette prosjektet.