Stor pågang, men lågare inntekter ved feriemåla i Noreg

130.000 sa at dei ville til Trolltunga i ei undersøking i vår. I staden har det vore ein nedgang i talet på turgåarar på fjellet. Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Lydige nordmenn har teke råda frå styresmaktene til seg og reiser på noregsferie i sommar. Men trass i stor pågang, er det nedgang hos fleire populære destinasjonar.

Landets største familieparkar har av smitteomsyn innført avgrensingar på talet gjester og førehandsbestilling av billettar.

Frå Tusenfryd opna 13. juni og til no har besøkstalet vore rundt halvparten av same periode i fjor, men pågangen er enorm.

– Nedgangen er på grunn av avgrensingane for kor mange som får sleppe inn. Men vi har stort sett vore utselde alle dagar frå vi opna, seier marknadssjef Erik Røhne Andersen.

Førehandsbestilling og avgrensing for innslepp gjeld òg i Hunderfossen familiepark.

– Dei siste vekene har vi vore utselde cirka ei veke før, seier konsernsjef Per Arne Slapø.

Men færre gjester tyder færre inntekter. Dei mista dessutan 10 av 80 dagar av sesongen som følgje av koronakrisa.

– Det blir ikkje nokon rekord i år, fastslår Slapø.

I Dyreparken i Kristiansand er nedgangen i gjester på om lag 10 prosent frå januar til no, samanlikna med same periode i fjor, ifølgje administrerande direktør Per Arnstein Aamot.

– Men med det trykket som er, kunne det ha vorte rekord viss vi hadde hatt fri innslepp, seier Aamot.

God plass ved Trolltunga

I vår svara 130.000 nordmenn i ei Ipsos-undersøking at dei ville til Trolltunga i sommar. Det vart ikkje tilfelle. Per 16. juli hadde 10.300 personar teke turen, mot 33.000 på same tid i fjor.

Dagleg leiar Åse Marie Evjen i Trolltunga AS trur ein del vart skremde av at så mange sa dei skulle kome. I tillegg var det snø til ut i juni. Dei siste vekene har besøkstala teke seg opp, men Evjen kan roe dei som fryktar køgåing i fjellet.

– Det er god plass og mindre folk enn det pleier vere, seier ho.

Rekord på Gaustatoppen

Betre har det gått ved Gaustatoppen, ein av få stader med fleire turgåarar i år.

16. juli gjekk mellom 3.500 til 4.000 personar opp fjelltoppen ved Rjukan. Det er nær dobbelt så mange som ein normal toppdag i juli, når 2.000–2.500 vanlegvis tek turen.

– Vi har aldri registrert så mykje folk, seier dagleg leiar Halvor Haukaas ved Gaustabanen.

Same dag vart det sett besøksrekord ved Preikestolen, då 4.600 turgåarar gjekk til det spektakulære fjellplatået. I 2019 var rekorden 5.300.

– Vi hadde fem–seks dagar i fjor med fleire enn 4.600 turgåarar, så det er ikkje eit uvanleg tal for oss, seier direktør Helge Kjellevold i Lysefjorden Utvikling.

Fram til juli har 41.364 personar gått turen, mot 61.689 i fjor.

Fullt i Geiranger

I Geiranger har sommaren gått over all forventning med fulle hotell nesten kvar natt, ifølgje sals- og marknadsføringsansvarleg Tone Nordvik ved Hotel Union.

Også restaurantane har fulle hus, men trass i pågangen, blir inntektene lågare i år.

– Sommaren er god, men vi har hatt det tøft før sommaren og kjem til å få det tøft etterpå, seier Nordvik.

I Lofoten er det fulle hotell og restaurantar i fellesferien, men så er det god plass, ifølgje booking- og administrasjonsansvarleg Hege Haugerud i Visit Lofoten.

– Eg trur mange har ein bra juli, men juli gjer ikkje året, seier ho.

Haugerud spår ein tøff haust.

– Ein full restaurant er ikkje det same som i fjor. Dei har teke vekk bord, og det er ekstrautgifter på smittevern, seier ho.

Dei fleste gjestene i år er nordmenn. Det blir merka på aktivitetane som blir valde, og både Reinebringen og sherpatrappene i Svolvær har hatt fleire turistar i år enn i fjor.

– Vil slite lenge

Reiselivsdirektør Bente Holm i Visit Norway er glad for at nordmenn vel å vere turistar i eige land i år. Særleg friluftslivet er populært, ifølgje Holm.

– Det er nok mange nordmenn som har debutert som friluftsentusiastar i år, seier ho.

Spådommen for framtida er likevel dyster. Utanlandske gjester står vanlegvis for 8 millionar reisedøgn i Noreg i juli og august. Det klarer ikkje nordmenn å kompensere for, understrekar Holm.

– Eg fryktar hausten og vinteren. Eg trur reiselivet kjem til å slite lenge.