Det nye Kleven-selskapet er registrert

Kleven verft heiter no Green Yard Kleven AS 

Nyhende

Det nye selskapet Green Yard Kleven AS er no registrert i Brønnøysundregistra.

Kleven verft fekk ny, kroatisk eigar i vår, og i starten av juni gjekk selskapet konkurs. Etter nokre dagar vart det klart at Green Yard Group ville ta over verftet.



Ifølgje kunngjeringa frå Brønnøysund om nyregistreringa er føremålet til Green Yard Kleven følgjande: "Verftstjenester samt det som naturlig står i forbindelse med dette".

Hans Jørgen Fedog er styreleiar i selskapet, medan Arne Marthinsen og John Willy Nilsen er styremedlemmar. Kjetil Bollestad står oppført som dagleg leiar.