Kontrakt for Dimo

Midt i smørauget: Dimo held hus i bygget like ved godsterminalen på Hareid. Dette biletet blei tatt då verksemda heldt open dag i sitt nye kontorbygg. Foto: Arkiv/Ole-Ottar Høgstavoll. 

Nyhende

Dimo AS på Hareid har fått ein kontrakt med Sletta Verft i Mjosundet i Aure kommune.

Kontrakten gjeld kraner til fem skip, skriv Dimo på Linkedin-sida si.

Kvart skip skal ha to høgkvalitetskraner, levert av Dimo. Skipa er designa av Solstrand Trading.

Marknadssjef i Dimo, Einar Warholm, vil ikkje seie kor stor kontrakten er i kroner og øre. Men:

- Det eg kan seie om det er at for oss er det ein relativ stor kontrakt totalt, seier Warholm til Vikebladet Vestposten.



Ifølgje nettsida til Sletta Verft byggjer dei alle slags båtar, men hovudmarknaden er båtar for oppdrettsnæringa. Verftet utfører og service og reparasjonar.