Sju av ti vil ha påbod for sykkelhjelm

Flest barn brukar sykkelhjelm, men sju av ti vil no at det skal bli påbode med hjelm for alle som skal ut på to hjul i trafikken. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB Scanpix / NPK 

Nyhende

Sju av ti som er spurt, meiner det bør bli påboden å bruke sykkelhjelm for alle som syklar eller brukar elsykkel, viser ei undersøking frå Trygg Trafikk.

Sjølv om bruken av sykkelhjelm har auka dei siste åra i Noreg, er det framleis ikkje påbode å verne hovudet når ein ferdast på to hjul i trafikken. I ei ny undersøking som Trygg Trafikk har fått gjennomført, går det fram at 72 prosent av dei spurde meiner det bør bli påbode med sykkelhjelm dersom ein syklar eller brukar elsykkel i trafikken.

Av dei spurde er 14 prosent heilt mot eit påbod, medan 11 prosent svarer at eit påbod berre bør gjelde barn under 16 år. Halvparten av unge under 30 år er minst opne for eit generelt påbod for alle, medan åtte av ti over 60 år meiner alle bør bruke hjelm.

– Oppfatninga vår er at det bør bli eit hjelmpåbod for syklistar. Delen hardt skadde syklistar i dei største byområda i Noreg har auka dramatisk dei siste ti åra, og spesielt i møte med bilar er mjuke trafikantar som syklistar, veldig sårbare. Å bruke hjelm er enkelt, og det viktigaste vernet ein syklist kan ha, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring om undersøkinga.

Også for elsparkesykkel meiner 67 prosent av dei spurde at det bør bli påbode med hjelm.

I 2018 brukte 63 prosent av syklistar hjelm i Noreg. Blant barn under tolv år brukte heile 83,5 prosent hjelm

I alt 1.603 personar har svart på undersøkinga som er gjennomført av Kantar på oppdrag av Trygg Trafikk og Tryg Forsikring.