No får dei første frivillige organisasjonane koronamidlar

Lotteri- og stiftelsestilsynet startar fredag utbetalinga til første pulje av organisasjonar som har søkt stønad frå den siste krisepakka som regjeringa har fått på plass.

Lotteri- og stiftelsestilsynet startar fredag utbetalinga til første pulje av organisasjonar som har søkt stønad frå den siste krisepakka som regjeringa har fått på plass. – Vi er svært nøgde med at vi kan starte utbetaling, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

– Vi er svært nøgde med at vi kan starte utbetaling til frivillige organisasjonar berre vel ei veke etter at det vart opna for søknader, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja i ei pressemelding.

I alt 379 søknader er innvilga i denne omgang, og omfattar 1144 arrangement eller andre aktivitetar. Utbetalinga er på nær 30 millionar kroner.

– Det er viktig at frivillige organisasjonar som har hatt inntektsbortfall i den aktuelle perioden nyttar seg av ordninga. Det er lagt opp til puljevis utbetaling etter kvart som søknadane kjem inn, og det er endå tid til å søke. Søknadsfristen er 15. september, avsluttar kultur- og likestillingsministeren.

Kompensasjonsordninga skal støtte dei organisasjonane som har betydeleg bortfall av inntekter frå arrangement og andre aktivitetar som følgje av pålegg eller råd frå staten.

Ordninga gjeld for tidsrommet 12. mars til 31. august 2020, og søkarane må vere registrert i Frivilligregisteret.