– Dette er eit spennande prosjekt

Per-Roger Vikten reiser heile 18 timar for å kome seg til Ulsteinvik og Trebaatfestivalen. Han er årets festivalkunstnar.

fiskar: Per-Roger Vikten fiskar i sesong og teiknar fiskebåtar på fritida. Nordlendingen kjem til Ulsteinvik under Trebaatfestivalen for å selje fiskebåtteikningane og -bøkene sine. Foto: Privat 

Det som er så fint er at eg koplar ut heile verda medan eg held på

Per-Roger Vikten
Nyhende

Vikten er fiskar når det er sesong, men utanom sesong likar han godt å teikne fiskebåtar og finne ut om historiene bak båtane. Dei tek han med seg til festivalen og ein kan få kjøpt både innramma enkeltteikningar og bøker som inkluderer både teikningar og litt av historia til båtane han har teikna.