Stengjer straumen

Ny straummålar. Arkivfoto  Foto: Ragnhild Vartdal

Nyhende

Mørenett AS har bestemt seg for å stengje straumen hos kundar som nektar å få installert automatisk straummålar.

Totalt gjeld det åtti av kundane til selskapet. I tillegg er det 617 kundar Mørenet ikkje kjem i kontakt med, dei kjem til å få stengevarsel om ikkje så lenge, heiter det i ei pressemelding.

Rune Kiperberg, administrerande direktør i Mørenett AS fortel til Vikebladet Vestposten at varselet gjeld totalt fem straumkundar i Hareid og Ulstein.

- Det kjem nok reaksjonar, men det er vi innstilte på. Fristen for å få installert slik straummålar var 1. januar 2019, og vi innser no at vi ikkje kjem nokon veg gjennom dialog med desse kundane, seier Kiperberg.

Han fortel at selskapet har gjort fleire forsøk på å byte målar, og å kome i kontakt med kundane, både skriftleg, på telefon, via SMS, epost og direkte oppmøte på adressa til kunden.

Men kvifor må alle ha slik automatisk straummålar?

- Det er eit krav frå NVE, Noregs vassdrags- og energidirektorat. Det er ein del av arbeidet med å digitalisere straumnettet, for at vi skal sleppe å drive også med manuelle, gamaldagse rutinar- der folk sjølv må melde inn straumforbruket, seier Kiperberg.

Totalt er det altså nesten 700 kundar som no kan få straumen stengt av. Kva oppgir dei som grunn for ikkje å få installert ny straummålar?

- Det er ulike meiningar, til dømes at målarane utgjer helsefare eller at dei kan brukast til overvaking. Men der ligg det mykje forsking og undersøkingar som viser at dette ikkje stemmer, seier Rune Kiperberg.

Mørenett AS oppmodar kundane som framleis ikkje har ny målar om ta kontakt så fort som råd, for å unngå stenging og sleppe ekstrakostnader.


Over halvparten har fått ny straummålar

Over 1,6 millionar norske husstandar har til no fått installert ny, digital straummålar.



Helge Muren om dei nye, automatiske straummålarane:

– Ingen grunn til bekymring

Innan ein månad eller to vil dei fleste straumkundar på Hareidlandet kunne sleppe å lese av og melde inn målarstanden til kraftleverandør. Mørenett svarar skeptikarar og andre om dei nye straummålarane.