Meiner det hastar å få på plass retningsliner

Knut Erik Engh har kalla inn til formannskapsmøte tysdag 11. august.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyhende

Ulsteinordførar Knut Erik Engh har kalla inn resten av formannskapet til eit kort ekstraordinært formannskapsmøte. Føremålet med møtet er å vedta retningsliner for ekstraordinært kommunalt næringsfond i samband med Covid-19.


Covid 19-næringsfond

Friske kroner bles nytt liv i dei kommunale næringsfonda i Ulstein og Hareid.

Pengane skal gå til å få opp aktiviteten i lokale bedrifter som slit i samband med koronaviruset.


Møtet blir førstkomande tysdag, og skal gjennomførast som fjernmøte, sidan fleire av formannskapsmedlemene framleis er på ferie.

Engh skriv at for at fondet skal kunne få verknad snarast råd er det behov for å få dette vedteke i god tid før det første ordinære formannskapsmøtet.