Green Yard-gründer Hans Jørgen Fedog om Kleven-kjøpet

– Hadde ikkje kjøpt verftet dersom det låg i Oslo

– Der oppe er dei skikkeleg påskrudd, seier Hans Jørgen Fedog i Green Yard når han omtalar vår lokale verftsnæring.

FULL AV LOVORD Hans Jørgen Fedog, grunnleggar og administrerande direktør ved Green Yard i Kvinesdal, er full av lovord over det maritime miljøet i området rundt Ulsteinvik. - Dei er skikkeleg påskrudde der oppe, seier han til Avisen Agder.   Foto: LARS FRØSLAND / AVISEN AGDER

Nyhende

Den nye Kleven-eigaren rosar skipskompetansen i distriktet vårt på det næraste opp i skyene, der han i eit større intervju i Avisen Agder fortel om bakgrunnen for at vesle Green Yard i Kvinesdal enda opp med å kjøpe det konkursråka Kleven Verft tidlegare i sommar.