"Oggy" vart slått til riddar

Åge Hareide blei slått til riddar då Danmarks ambassadør Jarl Frijs-Madsen heldt mottaking for nordmannen som hadde stor suksess som Danmarks landslagssjef i fotball.  Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Åge Hareide sat fire år som dansk landslagssjef, med stor suksess. Torsdag utnemnde dronninga han til riddar av Dannebrogordenen.

Danmarks ambassadør Jens Frijs-Madsen hadde invitert til hyllest av Hareide i residensen sin, og det var ein svært rørt Hareide som vart tildelt den høgthengande ordenen. Dronning Margretes seremonimeister var på plass og gav han medaljen som er det synlege beviset.

– Det var overraskande og veldig spesielt. Eg trudde det skulle vere eit hyggjeparty som ei avslutning på tida mi i Danmark, og så kom han med han der. Det var veldig spesielt, sa Hareide til NTB.



Dei sterke prestasjonane til 66-åringen som landslagssjef var tema då den danske ambassaden hylla Hareide i residensen på Blindern i Oslo. Den nytilsette Rosenborg-trenaren var sjef for det danske landslaget frå 2016 til 2020. Berre tre av 42 kampar enda med tap, og dei 34 siste kampane gjekk han utan tap.

Ambassadøren omtalte landslaget som Danmarks stoltheit, og Hareide som ein av Danmarks to beste landslagstrenarar gjennom tidene, ved sida av Richard Møller-Nielsen som førte laget til EM-tittelen i 1992.

I mottakinga var framståande politikarar, sportsfolk og skodespelarar til stades.



I fjor sommar fekk Hareide beskjed av det danske fotballforbundet (DBU) at han skulle erstattast med Kasper Hjulmand etter EM. Sidan meisterskapen er flytta til neste år, blir det utan nordmannen som trenar.

Hareide signerte tysdag med Rosenborg. 66-åringen har underteikna ein avtale som RBK-trenar som i første omgang gjeld ut 2021.