Kva gjer ein med snørrete ungar?

Det er ulike grenser for når barnet må haldast heime avhengig av om det er over eller under ti år.

Når er eit barn så sjukt at det skal haldast heime frå barnehage og skule? (illustrasjonsfoto) 

Nyhende

Dersom barn under ti år berre har rennande nase, og elles god allmenntilstand, treng ikkje barnet haldast heime eller testar for korona. Men om barnet i tillegg har eitt eller fleire andre symptom på luftvegsinfeksjon, som hoste, vond hals, feber eller nedsett allmenntilstand, skal barnet vere heime.