Ny styreleiar og dagleg leiar i Hafast

Harald Tom Nesvik tek over som styreleiar i Hafast etter Gunvor Ulstein. Lene Trude Solheim er ny dagleg leiar.  

Nyhende

Harald Tom Nesvik er ny styreleiar i Hareid Fastlandssamband, medan Lene Trude Solheim er ny dagleg leiar. Det går fram av ei pressemelding frå Hafast torsdag kveld.

Nesvik vart vald som ny styreleiar torsdag.

– Vi må jobbe hardt framover slik at vi får knytt saman denne kraftfulle bu- og arbeidsmarknadsregionen betre. Vi representerer ein svært verdiskapande og eksportretta region, med sterke og innovative miljø som bidreg med store inntekter til fellesskapet. Skal regionen vekse og utvikle seg, så må vi satse vidare på samferdsel og HAFAST må på plass. Vi må stå samla på Sunnmøre, seier påtroppande styreleiar Harald Tom Nesvik i pressemeldinga.

Resten av styret ser slik ut: Vebjørn Krogsæther (nestleiar), Stig Remøy, Jim Arve Røssevoll, Kine Berlid Norheim, Sølvi Lillebø Remøy, Bernt Brandal, Jan Rune Hurlen, Stein Arve Waagen og Gunvor Ulstein. I tillegg er desse vara til styret: Njål Sævik, Annika Brandal, Arnfinn Ingjerd, Øyvind Tørlen, Stig Sandanger Riise, Gunnar Hareide og Knut Erik Engh.

Lene Trude Solheim vart tidlegare i år tilsett som ny administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundsregionen og går no også inn som dagleg leiar i Hafast.