Tragedie i Hjørundfjord er utgangspunkt for ny roman

Ei forferdeleg ulukke i Hjørundfjord dannar det dramatiske bakteppet i Ivar Mork si nye bok, «Fonna».

Store fjell og små menneske: Utsnitt av framsida av boka som er pryda av eit bilete av kunstnaren Leif Alnes, motivet er frå Vartdal. 

Nyhende

I år er det 250 år sidan Otola-ulukka, ei av dei verste rasulukkene vi har hatt her til lands. Den 1. januar 1770 var eit bryllaupsfølgje på veg heim frå Sæbø til Bjørke, men då båtane passerte det 1312 meter høge Otolhornet gjekk Otola-fonna. 27 menneske, dei fleste unge, mista livet. Berre åtte av dei omkomne vart funne att.