Satsar sparepengane på å verte frisk

Tyskland: For ein månad sidan fekk Randi Haddal vite at ho hadde kreft i bukspyttkjertelen med spreiing vidare til levra. No brukar ho sparepengane sine for å få behandling ved ein privatklinikk i Tyskland, ei behandling som ikkje vert gitt heime i Noreg. Behandlinga gjer det mogleg å tilføre større doser cellegift i eit avgrensa område, noko innber at påkjenninga for pasienten vert mindre. Biletet er teke dagen etter at Randi fekk den første dosen med cellegift. Foto Privat 

Nyhende

– Eg er ikkje redd for å døy. Men eg har ikkje lyst til å døy, for eg har så mykje å leve for.