Warholm med nytt rekordforsøk

Spring 400 meter hekk under Ostrava Golden Spike tysdag kveld.

Trekkplaster: Karsten Warholm er eitt av dei store høgdepunkta under Ostrava Golden Spike tysdag. Foto: Andreas Bjerknes 

Nyhende

Karsten Warholm er den store stjerna under Ostrava Golden Spike-stemnet i Tsjekkia tysdag. Der får Warholm eit nytt forsøk på å forbetre Kevin Young sin verdsrekord frå 1992.

I Stockholm var 24-åringen berre ni hundredelar bak verdsrekorden, trass at forholda ikkje var dei aller beste og at Warholm hadde ei dårleg passering av den siste hekken.

Warholm sitt løp var i utgangspunktet lagt heilt sist i stemnet og skulle gå 20:35, men har seinare blitt flytta fram til 18:40. NRK har sikra seg rettane til å vise frå stemnet. Dei skriv på sine nettsider at arrangørane har flytta Warholm sitt løp fordi det blir kaldare seinare på kvelden. For å gje Warholm best mogleg forhold blir difor løpet flytta.

Ut frå startlistene til stemnet er det ingen av Warholm sine konkurrentar som skal vere i stand til å følgje toppfarten til den europeiske rekordhaldaren. Ludvy Vaillant er nærast, men hans årsbeste er over to sekund bak Warholm si bestetid i 2020. Ser ein vekk frå Warholm er det berre to av deltakarane som har årsbeste under 50 sekund. Det er dermed liten sjanse for at nokon kjem til å presse Warholm heilt til mål, men slik var det også i Stockholm og der gjekk det likevel ekstremt raskt med 24-åringen.