Den første veka av hjortejakta i Hareid og Ulstein er over – rekordavskyting i Hjørungavåg:

- Det har vore utruleg bra til no

Jaktkameratane Knut-Erik Rognes og Robin Røyset har åleine skote 17 av dei 26 hjortane som har blitt felt i Hjørungavåg vald til no i hjortejakta. Altså berre sidan 1. september. Dei 17 blei felt i løpet av dei første fire dagane av jakta.  Foto: Privat.

Nyhende

På dei første sju dagane av årets hjortejakt blei det skote mange dyr i begge kommunane, og i Hjørungavåg har ein aldri tidlegare hatt ein like god jaktstart som i år, fortel ein av storjegerane i bygda.