Gir ut song om skulestart

Har du vore på dans med rockegruppa Firestone eller dansebandet Sanders? Då kan det vere at du hugsar gitaristen Bjørn Sund.

Bjørn Sund (56) er opphavleg frå Aure på Nordmøre. Han har budd på Hareidlandet sidan tidleg 1980-talet.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Eg har ikkje dei store forhåpningane og eg var ikkje førbudd på å bli intervjua heller- men det hadde vore artig viss det er to-tre stykke som likar låten, seier Bjørn Sund.