Skeideguten som vart sjef

– Eg er ein landsens gut frå Skeide. Det er det Oddbjørn Solheim svarer når lokalavisa ber han presentere seg sjølv.

fire stjerner: Oddbjørn Solheim (54) flytta tilbake til Sunnmøre for sju år sidan. No er han politistasjonssjef i Ålesund og einingsleiar for lensmannskontora på Sunnmøre. Bildet er teke utanfor politistasjonen i Ålesund.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Han er politistasjonssjef i Ålesund og einingsleiar for lensmannskontora på Sunnmøre. Det er sju år sidan han flytta heim til Sunnmøre, frå kontoret på politihuset i Ålesund har 54-åringen utsikt mot Aspevågen og Slinningen.