Slik gjekk det då Ulstein kommunestyre skulle vedta kvar ny gravplass skal liggje

Kyrkjeverje Christfried Kaul sa til kommunestyret at det byrjar haste å bestemme seg for kvar gravplassen skal vere. Det tar litt tid etter det er bestemt å regulere og etablere ein gravplass.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Som det vart sagt på kommunestyremøtet torsdagskvelden har det vore ein lang prosess i Ulstein kommune om kva dei skal gjere for å få fleire gravplassar. Dei har lenge arbeidd for å utvide gravplassen på Osneset, og dei har sett etter andre alternativ.