Senterungdomen

Vil merke mat som snus

Senterungdommen vil at maten skal merkast så godt at ingen av kundane er i tvil om maten er norsk eller importert.

Kjøt: Dordi Boksasp Lerum, Torleik Svella og Trond Fredrik Hoddevik ønskjer seg betre merking av kjøt og andre matvarer. Den eine kjøtpakken dei held opp er norsk, den andre er frå Namibia. Dei meiner også at meir frukt og grønt kunne vore produsert i Noreg, men då bør ein ha tollvern som gjer det billegare å handle norske varer.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

– Det beste kjøtet blir produsert i Noreg. Eg ser ikkje poenget i at eg me skal bruke ressursar på å frakte kjøt frå andre delar av verda hit, seier Dordi Boksasp Lerum, som er leiar i Møre og Romsdal Senterungdom. Ho meiner også at det er viktig at forbrukarane kjøper norske råvarer for å ta vare på norske arbeidsplassar.