– Han er ein heilt anna spelar enn for ein månad sidan

Elias Melkersen feira scoringa med salto (skjermdump frå sendinga).  

Nyhende

Hødd slo Eidsvold TF 5-1 i sin første bortesiger for sesongen søndag ettermiddag. Eirik Saunes scora eitt av måla, Robin Hjelmeseth scora to, og den 17 år gamle debutanten Elias Melkersen scora også to mål etter å ha kome på bana i det 73. minutt. Knappen var svært imponert over det Melkersen, som er på lån frå Bodø/Glimt, leverte.