Karsten og Oda

Oda Djupvik og Karsten Warholm fortel om korleis dei takla det då Oda fekk kreft.  Foto: Skjermdump frå "Karsten og Leif" på NRK

Nyhende

I kveldens episode av "Karsten og Leif" fortel Karsten Warholm og kjærasten Oda Djupvik om korleis dei reagerte då ho fekk kreft.

Warholm seier at han fekk sjokk då han fekk meldinga "Ej he kreft". Han visste ikkje korleis han skulle reagere, og trente i to timar utan å seie det til nokon. Etterpå sette han seg i bilen og tok den verste samtalen han har hatt.

I same episode får sjåarane også vere med Warholm heim til Ulsteinvik, og han fortel om kjærleiken til Dimna IL.

Episoden blir sendt på NRK 1 i kveld, eller du kan sjå han på nett-tv her.


Karsten Warholm dagen etter han blei kåra til årets gjennombrot i friidretts-Europa:

- No er det rett på trening igjen

Karsten Warholm krona ein fantastisk sesong med prisen for årets gjennombrot, og det blei ei ekstra hyggeleg bursdagsfeiring for kjærasten Oda Djupvik.



Fekk gullkysset av kjærasten

Sigerskyss av kjærasten Oda Djupvik var noko av det som venta verdsmeister Karsten Warholm på champagnefesten etter gulløpet i London.